Nyheter

Øl og Strandamør i kjøleskapet

Ronny Brede Aase er mest kjent som den blide nynorskstemmen på P3morgen. Men han tok med seg mer enn dialekten da han flyttet til hovedstaden: Han har alltid Strandamør i kjøleskapet.

Publisert Sist oppdatert

1. Hvor handler du?

– Eg handlar etter geografi og dagsform, og stort sett på veg frå jobb. Vil eg fort heim blir det Coop Marked eller Rimi, som ligg nærast. Har eg god tid, vil gå ei anna rute og oppdage anna utval, velger eg Kiwi, Meny, Rema eller Centra, som ligg litt lengre unna. Eg er nok oftast på Rimi.

2. Hva har du alltid i kjøleskapet?

– Øl, Pepsi Max, Gräddost i skiver og Strandamør. Alltid!

3. Når kjøpte du pølsemeny på en bensinstasjon sist?

– I dag. Eg var ute på ein lengre køyretur, og vart etterkvart veldig svolten, samstundes som vi hadde dårleg tid. Om vi hadde hatt god tid hadde eg gått for burger.

4. Hva er din verste handleopplevelse? – Eg har ingen skikkeleg grusomme, men den gongen eg var klumsete, og klarte å velte tre glasflasker med øl så dei datt ned på innsida av kjøleskåpet, då var eg skrekkeleg flau. Alle knuste, og så var det sjølvsagt dei tre siste flaskene som var att av favorittølet.

5. Hva er det særeste du har spist?

– Sauehode. Eg syns det er rart å ha hodet til ein sau liggjande framføre meg, klar til å bli røska i stykker og ete kjøt av, men stemninga på skoltelag med gode vener er så god at eg må tåle det ein gong i året.

6. Hadde du blitt en god kjøpmann?

– Eg likar å tru at eg hadde vore ein hyggjeleg ein. Men eg hadde nok vore litt for glad i å please kundane, og så hadde eg tatt inn kule produkt som slett ikkje er lønsame, berre fordi eg vil. Så eg hadde nok gått konkurs, samstundes som eg hadde gått ned med godkjensleflagget til topps.

7. Hva slags produkter savner du i norske dagligvarebutikker?

– Eg saknar grønsaker i porsjonspakningar, betre ølutval og halvfabrikatprodukt som held høgare kvalitet.

8. Hvor mye koster en liter melk?

– 15 kroner? 20?

9. Når handlet du på Svinesund sist?

– Det er lenge sidan sist. To år kanskje? Hadde eg hatt bil skulle eg gjort det oftare. Mest for turen si skuld, vel å merke.

10. Hva vil du si til norsk dagligvarehandel?

– Gje meg stort utval og tilsette som smilar, så er eg happy.

Powered by Labrador CMS