Nyheter
På gyngande grunn
SIBIR: Varetransport i Sibir er ingen spøk, og verre blir det med klimaendringane som langsamt tiner tundraen og gjer ferdselsvegane uframkomelege.
Om ein ser bort frå dyr flytransport, er tog det sikraste og einaste transportmiddelet som går heile året i Sibir. Langt frå alle kjøpmenn er så heldige å bu langs ein av desse jernbanelinene.
Om vinteren køyrer lastebilane vidare på islagte elver og beinfrosen tundra. Om sommaren går fraktebåtar på dei kilometerbreie elvane, og varene vert frakta vidare på lastebilar på vegar med meterhøg telehiv. Vår og haust er det berre fly som gjeld, fordi vegane er fulle av gjørme og elvane verken isfrie eller trygge, men det gjer varene uhorveleg dyre.
Men årstidene er ikkje til å lite på lenger. Vintrane er mildare, med meir nedbør. Våren kjem tidlegare, med enorme flaumar på grunn av all snøsmeltinga, noko som formar nye landskap som frå før er herja av telehiv. Meterhøge fjell veks brått opp midt i vegen. Dessutan tek det mykje lenger tid før frosten set seg skikkeleg, slik at isen på elvar og sjøar vert trygg å ferdast på. Flaumar, jordras, steinras og snøras er andre klimarelaterte problem som går ut over den frå før sårbare infrastrukturen. Mange viktige transportruter er utsette for slike klimautslag, som ein ventar vil auke i omfang etter kvart som klimaet vert varmare. Mange jernbaneliner er skada, rullebanane på mange flyplassar i Sibir er i dårleg stand og olje- og gassrøyrleidningar sprekk.
VASSLAUSE I FLAUMEN
Jakutsk, hovudstaden i den halvautonome republikken Jakutia, er bygd på permafrost. Meir enn 300 bygningar i byen har fått setningsskadar på grunn av tining dei siste åra. Ein del meiner at betre byggeskikk og vedlikehald kunne hindra mange av desse skadane. Eit par regnskurer i månaden er det jakutarane har vore vande med. I løpet av dei ti dagane vi er her, regnar det annankvar dag. Vårflaumen vil ikkje sleppe taket. Det dukkar opp nye små innsjøar på jorda og ute på sjølve tundraen. Permafrosten gjer at vatnet ikkje har nokon plass å gjere av seg.
Alle dei sibirske transportrutene for matvarer er kjenslevare for klimaendringane, men heller ikkje dei private potetåkrane gjekk fri då flaumen raserte landsbyar denne våren. I Ytyk-Kel aust for Jakutsk hadde folk eit greitt liv, men potetåkeren til Natalia Baibalykova sto framleis under vatn i slutten av juni, forvandla til eit hav av gjørme, og fullstendig ubrukeleg. Ho er ikkje aleine. 2 615 av dei 7 000 menneska som bur i Ytyk-Kel er offer for flaumen, som ramma 65 prosent av arealet.
- No må eg kjøpe vatn i butikken, og det er dyrt. Men eg tek ein dag om gongen og er glad om eg har brød og vatn i dag. Det verste er at eg ikkje har ein mann som kan byggje og reparere, seier Natalia fortvila.
INNVANDRING TIL SIBIR
Folk i Sibir har i dag større tilgang på frukt og grønt enn tidlegare, men det er ikkje russarane si forteneste. Tadsjikar,
usbekarar og kasakhstanarar har flykta i hopetal til Sibir, frå samfunn som gjekk i
oppløysing etter perestrojkaen. Dei driv storstila import frå heimlandet og frå Kina. Dei er kremmarar, noko russarane aldri har vorte.
På eit hybelhus i Peledoi, ein liten by ved Lena, bur ein heil usbekisk delegasjon, som alle er i familie med kvarandre. Dei har si eiga frukt- og grønsakbud i byen, og ein klesbutikk ved skulen. Patriarken sjølv, Bochadir, har kone og fem barn heime, Gulsara og Nasiba har begge barn som bur hos bestemødrene sine.
FRODIG FØR FLAUMEN
Vi reiser saman med Gulsara til Ust-Kut dagen etter. Ho tek denne båtturen fleire gonger i månaden for å handle inn varer. Som grønsakhandlarane på Grünerløkka vil ho plukke dei sjølv. Varene vert send til Peledoi med lastebil.
- Eg budde i Ust-Kut først, men det var ikkje stort å tene der, fortel ho. Difor følgde ho elva nedover til den vesle byen Peledoi. Her har dei mindre konkurranse og ei inntekt å leve av og attpåtil overskot å sende heim til resten av familien.
Men kor lenge vil det vare?
For mange bønder og hagedyrkarar har våtare og varmare somrar så langt gjeve større avlingar, og dei er slik sett svært nøgde med stoda. Men dersom klimaendringane akselererer, slik fleire og fleire forskarar trur, vil dei sårbare samfunna i Sibir stå overfor enorme utfordringar. Flaumar, erosjon og økologisk ubalanse vil gjere Sibir til ein enda fjernare avkrok i verda.