Nyheter

Statsbudsjettet 2001: Klår for

I budsjettframlegget frå Landbruksdepartementet er det sett opp store løyvingar til tiltak for å sikra at forbrukarane får trygge matvarer av god kvalitet.

Publisert

Det er foreslått ekstra løyvingar til tilsyn i samband med beredskap mot alvorlege smittsame sjukdommar, som til dømes kugalskap, og med bruk og førekomst av genmodifisering. Det blir gjort framlegg om å innføre ei ordning med meirverdiavgiftskompensasjon for kjøttprodukt frå 1.7.2001. Det blir arbeidd med å utvikle system for dokumentasjon av prisdanning og prisutvikling i matvaremarknaden. Ein handlingsplan for forbrukar-retting skal trekke forbrukarane meir med i utforming og forvaltning av matpolitikken.

Seinast i sommar ? i samband med mistanken om utbrot av kugalskap i Østfold ? vart vi minte på kor nødvendig det er å ha gode system for kontroll og tilsyn med matproduksjonen. Slike tiltak er derfor prioritert på topp. Men det er også viktig at maten som blir bydd fram har ein pris som forbrukarane finn akseptabel i høve til prisen i våre naboland. Frå staten si side har vi nå lagt grunnlaget for å senke matprisane gjennom reduksjon i målprisane (maksimalpris til bonden oppnådd gjennom forhandlingar) i årets jordbruksoppgjør. Som eit element i momsreformen foreslår vi i dette budsjettframlegget å innføre ei ordning med momskompensasjon for kjøttvarer. Dette gjer vi for å redusere grensehandelen. Det vil neppe påverke det totale kjøttforbruket. Nå er det opp til dei andre aktørane ? først og fremst foredlingsleddet og daglegvarebransjen å gjere sin del av jobben. Vi vil følgje den vidare utviklinga nøye, og er nå i ferd med å utvikle system som skal gi oss løpande oversikt over prisutviklinga i dei ulike ledda. Dette er eit område vi vil ha full innsikt i!

Frå Landbruksdepartementets budsjett vil eg trekkje fram følgjande punkt av særleg interesse sett frå forbrukarhald: * Ei løyving på i alt 643 mill kr til tiltak for å sikra at forbrukarane får trygge matvarer av god kvalitet gjennom mellom anna tilsyn og kontroll i alle ledd i matvarekjeda. Løyvinga omfattar ein auka innsats knytt til særskilte tiltak på matområdet med 52,5 mill kr til mellom anna tilsyn i samband med beredskap mot alvorlege smittsame sjukdommar, som til dømes kugalskap, og med bruk og førekomst av genmodifisering.* Innføre ei ordning med meirverdiavgiftskompensasjon for kjøttprodukt frå 1.7.2001. (250 millioner kr) Kompensasjonen skal fastsetjast slik at den på engrosleddet svarer til forskjellen mellom gjeldande generelle meirverdiavgiftssats (23 prosent) og ein sats på 18 prosent. Siktemålet er primært å redusere grensehandelen med kjøttvarer. * Utvikle system for dokumentasjon av prisdanning og prisutvikling i matvaremarknaden. * Etablere system for opphavsmerking av matvarer. * Trekke forbrukaren sterkare inn i utforminga og forvaltninga av matpolitikken mellom anna gjennom utarbeiding av handlingsplan for forbrukar-retting og vidareføring av kommunikasjonsprogrammet «Trygg mat».* Handlingsplanar/overvakingsplanar, m.a. for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, plantehelseplan og tiltak for å motverke antibiotikaresistens.

I sum meiner eg at dette viser at Landbruksdepartementet tek på alvor si oppgåve med å forbrukarorientere landbrukspolitikken.

Powered by Labrador CMS