Nyheter
Trygg, norsk mat ei utfordring
Det er ikkje unikt i verden å drive landbruk under krevjande naturtilhøve. Det er ikkje unikt å drive landbruk i liten skala med individuelt dyrestell. Vi er heller ikkje åleine om å drive landbruk i eit høgkostland. Men kombinasjonen småskalalandbruk ? krevjande natur og høgkostland er ganske unik og krev, i tillegg til hardt arbeid, politisk innsats og medvit.
Mykje av motivasjonen hos landbruksorganisasjonsfolk, ligg i å bidra til framleis levande landskap, busetnad i heile landet og trygg og god norskprodusert mat. Størstedelen (70-80%) av det norske folk ynskjer det også slik. Likevel er, og det vil dette vere, ei formidabel utfordring inn i framtida.
Norske bønder treng samvirke for å organisere kostnadseffektiv omsetnad, forsyning og tenester. For å kunne vere ein god reiskap må samvirke ha dyktig leiing, sunn økonomi, levedyktig demokrati og utvikle strukturar i takt med marknad og andre utfordringar.Landbrukssamvirket arbeider intenst med å forbetre produktiviteten. Dette er naudsynt i einkvar industri. År 2000 har gjeve nye utfordringar. Marknaden har kuliminert, mjølk og kjøttproduksjon har vorte tilpassa dette.I første omgang slår dette inn i fôrindustrien. Felleskjøpa har merka ein tydeleg nedgang i kraftfôrproduksjonen, med tilsvarande fall i inntektene.Innan meieriindustrien har ein tilsvarande situasjon, og i meieriselskapa fortset ein å ta ut kapasitet. Det er ei krevjande oppgåve å klare dette i takt med redusert kvantum.Tilsvarande er det innan kjøtindustrien. Produksjonsregulerande tiltak har bl.a. ført til reduserte slaktevekter. Arbeidet i industrien er stort sett det same, men det blir færre kg å fordele kostnadane på.Denne tilbakegongen i kvantum blir ei spesiell utfordring i ein slik situasjon der det vert forventa at næringsmiddelindustrien generelt og landbrukssamvirket spesielt, skal auke sin produktivitet for å redusere matvareprisane, og betre si relative konkurransekraft i forhold til utlandet.
Norsk mat er tryggare enn mat frå mest alle andre land. EU har klassifisert verdas land med omsyn til kugalskaprisiko. Noreg er i den eksklusive toppgruppa på 5 nasjonar! Ingen EU-land er med i denne. Trygg mat kostar. Vi har teke kostnaden med dette i alle år. På grunn av dei problem EU har pådrege seg, skal det iverksetjast kostbart kontrollprogram på alt storfeslakt over 30 mnd. Det bør debatterast om slik resursinnsats er rett i Noreg.Største risikoen hos oss er utan tvil knytt til legal og illegal import av kjøt og levande dyr.Det er også grunn til å nemne at store delar av kjeledyra her i landet vert fora på mat som norske bønder ikkje ville funne på å bruke til sine husdyr. Mat som til dels kjem frå høgrisikoland. Tipset vert at det finst norskprodusert kjæledyrmat produsert i landbrukssamvirket. Den er også salmonellafri!
Landbruksminister Bjarne Håkon Hansen har gjennom sitt første virkeår i statsrådstolen oppfordra til ein dugnad for reduserte matprisar, og spesielt adressert appellen til næringsmiddelindustrien og handelen. Det har vore vilje til å ta denne utfordringa, men den særnorske høge matmomsen har stått sentralt i debatten.I budsjettforliket mellom sentrumspartia og Arbeidarpartiet vart ein også samde om å redusere matmomsen frå 23% til 12%. Dette har vore eit viktig og rett tiltak for å redusere matprisane. Vi er glade for at ein lang politisk kamp har lukkast.
Ei anna sak som landbruksministeren har sett på dagsordenen er ynskje om eit større mangfald av matvarer, matvarer med historie og særpreg. Landbruksministeren har gjort denne saka til ei fanesak, og han har farta landet rundt mange gonger for å engasjere folk til å satse på produktutvikling og marknadsføring.Det er ingen tvil om at landbruksministeren satsar på ein sikker trend når han legg til rette for ei utvikling av produkt basert på gamle produksjonsmåtar, geografisk særpreg eller spesielle kvalitetar.Den mest vesentlege oppgåva for landbruksamvirket vil likevel framleis vere kostnads-effektiv merkevareproduksjon.