Nyheter

Utviklingstilskot til butikkar

Stortinget har, på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, vedteke å innføre ei ordning med utviklingstilskot til butikkar som ligg i utkantstrøk og som er villige til å utføre viktige tenester for lokalsamfunnet. Løyvinga er på 5 millionar kroner, og gjeld for 2003.

Publisert Sist oppdatert

Helge Schei, sekretariatsleiar for Merkur-programmetOrdninga gjeld for daglegvarebutikkar som har lang avstand til næraste innkjøpsalternativ og har eit spinkelt kundegrunnlag.Målet med ordninga er å sikre ei betre lønsemd i butikkane og på den måten oppretthalde eit viktig tenestetilbod i område med lågt folketal. Målgruppa for dette tilskotet er difor dei butikkane som har særs mykje å seie for at busetnad og at eit naudsynt tenestetilbod for desse vert oppretthalde.Merkur-programmet er sett til å administrere ordninga på vegne av Kommunal-og regionaldepartementet.

Kriterier for tilskot:AvstandButikken må ha minst 30 km langs veg til næraste fullverdige innkjøpsalternativ, eller ligge i veglaust samfunn/øy. Programstyret kan unntaksvis godta butikkar med ned til 20 km avstand.Dersom butikkar som ligg i veglaust samfunn, eller har lang avstand, men har butikk nærare gjennom høg frekvens av offentleg båt eller ferjesamband, er kravet ovanfor likevel ikkje alltid tilstrekkeleg.

KundegrunnlagKundegrunnlaget i nærmarknaden må ikkje vere høgre enn 70 hushald. Programstyret kan ved særskilte høve godta butikkar med inntil 100 hushald.Med dette meiner ein det naturlege/realistiske kundegrunnlaget ettersom kundegrunnlaget er spreidd geografisk, gjerne over eit stort område. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Butikkar som har gjennomført Merkur-programmet har ein gjennomtenkt definisjon på kva som er naturleg kundegrunnlag, og skal bruke det. Den same definisjonen må leggast til grunn for andre butikkar.

KvalitetskravButikken må vere villig til å ta på seg tilleggsoppgåver.Butikken må ha ei påskrift frå kommunen om at den har vore i dialog om tilleggsoppgåver. Eventuelt må butikken vere villig til å gå i slik dialog. Aktuelle tilleggsoppgåver er offentlege tenester (innan omgrepet offentleg servicefilial) eller andre tenester kommunen meiner bygdesamfunnet treng. Butikken må ha ein standard som tilfredsstiller krava frå Næringsmiddeltilsynet og eit vareutval er i samsvar med ernæringsmessige mål. Dvs ein fullverdig daglegvarebutikk. Butikken må vere open heile året.Vidare må butikken ha deltatt i, delta i, eller vere villig til å delta i kompetansehevingsprogram. Med dette meiner ein Merkur-programmet eller tilsvarande program i kjederegi. Kjedeleiinga må gå god for at butikkleiinga har gjennomført kompetansehevingsprogram dersom den har skjedd i regi av kjede eller på annan måte. Kjøpmannen må framskaffe slik stadfesting innan søknadsfristen. Innan denne ramma vil ein, sjølv om kriteria er oppfylte, måtte gjere ei prioritering mellom innkomne søknader.

Powered by Labrador CMS