Nyheter

Merkur - ein gud for nærbutikken?

På et møte med Ica og Norgesgruppen i dag orienterte tilsynet om at innkjøpsavtalen mellom Coop og Rema 1000 blir en del av vurderingsgrunnlaget. Avgjørelsen utsettes dermed med nesten to måneder.

Publisert Sist oppdatert

Merkur var hand e l s g u d e n t i l romarane. No har Merkur flytta til Førde og står fram i ny drakt. Sidan 1994 har Merkur, som er ei forkorting for Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar i regionane, arbeidd for å styrkje servicetenestene på landsbygda med basis i nærbutikken.

Dette blir gjort gjennom eit program der Merkur gjennom eigne konsulentar har opplæring og oppfølging av butikkdrivarar i små samfunn. Denne ordninga har Møreforsking Volda evaluert på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Evalueringa viser at butikkdrivarane sjølve i stor grad er nøgde med ordninga. Sjølv om ein ikkje skal gi ordninga gudestatus, er tilbakemeldingane så positive at det er interessant å sjå nærare på ordninga.

Evalueringa viser at butikkdrivarane opplever det arbeidet som Merkur gjer som viktig for butikkdrifta. Eit stort fleirtal av butikkdrivarane er gjennomgåande positive til den oppfølginga dei får gjennom deltakinga i Merkurprogrammet. Nesten alle butikkane har fått eit breiare servicetilbod, gjennom vekst i talet på tilleggstenester.

Butikkdrivarane opplever også at Merkur er viktig for deira eige forhold til sentrale aktørar rundt butikken. Dette gjeld spesielt i samspelet mellom kjede og butikk. I tillegg har Merkur også vore ein viktig støttespelar i forhold til Norsk Tipping, Posten og andre leverandørar av varer og tenester. Der ein har kome kortast er å få kommunane på banen i forhold til utviklinga av nærbutikkane.

Merkur har vidare ei viktig rolle i arbeidet med å involvere befolkning og lokalsamfunn i utviklinga av butikken. Det blir mellom anna gjennomført kundeundersøkingar og konsulentane kan delta på folkemøte, noko butikkdrivarane opplever som viktige kontaktpunkt til befolkninga i bygda.

I den støtta butikkdrivarane opplever gjennom Merkur aukar også motivasjonen til å drive butikk i små samfunn. Merkur-deltakinga har gitt drivarane ein arena der dei kan få ny kunnskap og ikkje minst få kontakt med andre som opplever ein del av dei same utfordringane som dei sjølve møter i kvardagen.

Eit viktig bidrag frå Merkur har vore å hjelpe butikken med å fleire bein å stå på. Tradisjonelt var landhandelen ein viktig tenestesentral i bygda, der ein både fekk tak i daglegvarer og spesialvarer. Landhandlarane dreiv gjerne ulike aktivitetar i tillegg til butikken, anten det var bakeri, ekspedisjonstenester eller anna. Butikken var kort sagt ein viktig vare- og tenestesentral i bygda. Utviklinga gjekk deretter i retning av spesialisering. Landhandelen vart etterkvart erstatta med spesialiserte daglegvarebutikkar, der mykje handla om å konkurrere om kundar på pris. Dette er ein kamp der butikkar med ein liten nærmarknad lett kjem til kort. Alternativet er då at små butikkar i små samfunn må kunne tilby noko anna enn Rema og Rimi i næraste tettstad.

Det har difor vore ei viktig oppgåve for Merkur å utvikle ein moderne landhandel, også kalla den multifunksjonelle butikken. Ei viktig oppgåve har vore å bygge vidare på noko som den tradisjonelle landhandelen var god på, nemleg å utvikle tilleggstenester rundt butikkdrifta.

Resultatet er at dei butikkane som har delteke i Merkur-programmet har utvikla ei lang rekke tilleggstenester. I løpet av den tida butikkane har vore med i programmet, har rundt 70 prosent av alle butikkane utvida talet tilleggstenester. Like mange butikkdrivarar seier at nettopp Merkur har hatt ei viktig rolle i etableringa av desse tilleggstenestene. Utvalet av tenestene som er etablert er variert. Mange tilbyr ferske bakarvarer i butikken, dei har apotek, tipping, post, sal av lokale produkt og sal av bensin og diesel. Andre tenester kan vere turistinformasjon, miljøstasjon, kafé eller minibibliotek. Det er ikkje uvanleg at butikkane kan tilby både fem, seks, sju eller fleire tilleggstenester. Dei 75 butikkane som var med i evalueringa som Møreforsking gjennomførde kunne til saman tilby kundane sine 360 tilleggstenester, det vil seie i gjennomsnitt 4,8 tenester per butikk.

Nøgde butikkdrivarar er det viktigaste uttrykket for at Merkur-programmet fungerer. Ein viktig grunn til at det er slik, kan vere at dette er ei langsiktig satsing der ein har bygd opp kompetanse og tillit over tid. Mange andre bygdeutviklingstiltak er prega av korte tidshorisontar og behov for å bygge opp ny kompetanse for kvar ny satsing.

Forskarane Frisvoll, Almås og Daugstad etterlyste til dømes for nokre år sidan ein modell der ein lukkast å sikre kunnskapsforankring i langsgående strukturer heller enn tidsavgrensede organiseringer i slikt arbeid. Merkur er døme på ein organisasjon som arbeider slik. I tillegg er ordninga bygd opp på ein lite byråkratisk måte, med regionale konsulentar som synest å ha god lokalkunnskap og nær kontakt med butikkane. Slik sett er det kanskje fleire enn butikkdrivarane som har noko å lære av Merkur?

Powered by Labrador CMS