Nyheter

Lovleg og ulovleg i øl-politik

Noreg bryt mange av reglane i EØS-avtalen. Fleire gongar har Noreg tapt saker i EFTA-domstolen. Eit av dei områda der Noreg synder mest mot krava om fri flyt av varer og tenester, er på alkohol-området.

Publisert Sist oppdatert

Det er den norske staten ved Sosialdepartementet som ikkje har tileigna seg nok kunnskapar om EØS-regelverket. Heller ikkje norske stortingspolitikarar har nok kunnskapar om kor omfattande EØS-avtalen eigentleg er.

Dei som er sett til å føre alkoholpolitikken ut i livet er norske kommunar gjennom bevillings- og kontrollverksemda.

Sjølv om kommunane i dag er i sin rett når det gjeld handsaminga av regelverket som finst i alkohol-lova, er det truleg at mange ting kunne ha vore endra, dersom norske forbrukarar og interesseorganisasjonar hadde vore kjende med det omfattande regelverket EØS-avtalen eigentleg er.

Ølsal er eit av områda det vert synda mykje mot. Øl er omhandla i EØS-avtalen sine artiklar 11, 16 og 18. I dag kan alt øl under 4,76 vol% selgast fritt i norske daglegvarebutikkar som får bevilling/løyve.

Kommunane har etter EØS-regelverket, som står over norsk lov, ikkje lov til å diskriminere nokon som oppfyller offentlege krav. Sjølv om dette ikkje er prøvd for EFTA-domstolen, vil eg påstå at det etter prinsippa i EØS-avtalen er ulovleg å nekte å gje bevilling/løyve til nokon butikk som oppfylgjer krava til slik bevilling/løyve. Det er heller ikkje mogeleg å setje grenser for kor mange løyver som skal gjevast. Det same gjeld for skjenking.

Nektar ein kommune å gje slikt løyve, kan vedkommande som vert ramma av eit slikt vedtak, søkje erstatning for tapt inntekt.

Vi ser mange eksempel på kommunale vedtak som kan føre til erstatningskrav. Oppretthaldinga av ølmonopol er eitt slikt vedtak. Her er det spesielt når kommunar framleis faktisk gjev løyve til kommunale eller private ølmonopol. Eitt av problema er at desse lokale ølmonopola ikkje har noko regelverk for inntak av utanlandsk øl frå dei andre EØS-landa. Dersom et finst ølmonopol som ikkje tek inn øl frå EØS-land, er dette brot på EØS-avtalen fordi det er diskriminering av fri flyt av varer mellom EØS-landa.

Einaste unntaket EØS-avtalen gjev rom for monopol på alkoholområdet er AS Vinmonopolet. Men også her har Vinmonopolet måtte tilpasse seg EØS-reglane med inntak av produkt frå EØS-landa. Men Vinmonopolet synder også: det har i manns minne ikkje vorte teke inn vin frå eksempelvis Luxembourg.

Når EU vert utvida med 10 nye medlemsland i 2004, vil EØS-avtalen truleg føre til ein nesten umogeleg situasjon for Vinmonopolet, spesielt når det gjeld utanlandsk øl over 4,75 vol% som Vinmonopolet framleis har monopol på. Også Vinmonopolet sitt såkalla testutval ville det kunne verte sett store spørsmålsteikn med. Med noverande innkjøpspolitikk, vil det kunne verte mange klager mot Vinmonopolet.

Det særskilde norske forbodet om alkoholreklame ser og ut til å kunne forsvinne, fordi det kan seiast å hindre fri flyt av varer og tenester. I staden må ein nok tillate reklame med helseåtvaringar, kanskje etter ein finsk modell, der all reklame for alkohol med inntil 22 vol% styrke er tillate.

Ei heilt anna sak er at norsk alkoholavgiftspolitikk må endrast kraftig. Også her vil EØS-avtalen og Vinmonopolet verte sett under kraftig press når EU søkjer å harmonisere alkoholavgiftene.

Eit siste moment er at heile 67 % av velgjarane i Noreg ønskjer ikkje berre å kjøpe øl i nærbutikken, men og vin. Det er sjeldan at eit regjerande politisk parti kan oversjå folkeviljen over lang tid. Utfordringane for noverande og komande regjeringar og for Sosialdepartementet står i kø.

Kommunane må berre følgje med og ikkje synde for mykje, for det kan faktisk verte dyrt på grunn av eventuelle erstatningskrav.

Powered by Labrador CMS