– Eg er nøgd med at vi har inngått ein avtale om ein krisepakke så langt, men eg vil ikkje seia at eg er svært nøgd.
Det seier leiar i Småbrukarlaget Merete Furuberg til NTB etter at bondeorganisasjonane torsdag blei samde med Landbruksdepartementet om ein krisepakke til bøndene etter tørkesommaren i år.
Krisepakken er finansiert ved omdisponering av 225 millionar kroner frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond, i tillegg til ei tilleggsløyving på 300 millionar kroner som friske middel. Dette kjem i tillegg til utbetalingane gjennom avlingsskadeordninga, som er berekna til å bli på over 1,1 milliardar kroner.
285 millionar til husdyrbøndene
Furuberg seier at Småbrukarlaget måtte ha fått gjennomslag for fleire av krava dei tok med til forhandlingane for at ho skulle kunne seia seg meir nøgd.
– Eg er likevel glad for at vi har klart å løfta den generelle erstatningsordninga for grovfôr for heile landet med 40 prosent for kriseåret 2018. Det betyr at bønder som har hatt enkelte manglar på regn, men som ikkje bur i dei hardast ramma områda, også vil få auka erstatning, seier Furuberg.
Det er nemleg husdyr- og grønsaksbønder i austlandsfylka og Agder, i tillegg til enkelte kommunar i Rogaland, som får mesteparten av midlane i krisepakken. Husdyrbøndene får til saman 285 millionar kroner, mens grønnsaksbøndene får 24 millionar kroner. Kornbøndene får likevel ikkje noko ekstrautbetaling, utanom tiltaka som regjeringa lanserte tidlegare i sommar.
Leiar i Bondelaget Lars Petter Bartnes er klar over at dette ikkje er hyggjeleg lesing for kornbøndene, som også har blitt hardt ramma av tørken.
– Det er ei dårleg nyheit, og det beklagar eg, seier Bartnes til NTB.
Utbetaling tidlegast i oktober
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) seier at han er godt nøgd med at det har blitt semje om ei løysing som er retta mot dei som er hardast ramma av tørken.
– Eg meiner det er avgjerande at vi har kome fram til ordningar som gjer at pengane kan koma raskt ut til bonden, seier Dale i ei pressemelding.
Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes strekar også under verdien av rask utbetaling.
– Det er no mange bønder tek avgjerder om vidare drift, og det er lettare å koma i gang igjen med raske erstatningsutbetalingar. Det er også viktig for å sikra norsk matproduksjon i åra som kjem, seier Bartnes.
Utbetalingane kan likevel ikkje skje før avtalen er godkjend av Stortinget, som opnar att i byrjinga av oktober.
Tidleg på banen
Merete Furuberg opna allereie i midten av juli for at delar av jordbruksoppgjeret kunne reforhandlast. Samtidig streka ho under verdien av friske midlar til bøndene.
Furuberg meiner at det burde ha kome signal frå regjeringa på eit tidlegare tidspunkt om at det kunne vera aktuelt å gå inn i forhandlingar.
– Vi har sagt frå tidleg av at vi ville ha tilleggsforhandlingar. Internt hos oss blei forslaget om tilleggsforhandlingar lansert allereie i juni. Eg veit at det hadde betydd mykje for mange bønder om regjeringa hadde sagt tidlegare at det ville koma midlar, seier ho.
Bartnes var kritisk då statsminister Erna Solberg (H) i samband med eit gardsbesøk 8. august ikkje kunne lova nokon krisepakke på det tidspunktet.
No vil han ikkje kritisera regjeringa.
– Vi er glade for at vi har kome i mål med forhandlingane. No er det viktig at regjeringa sikrar rask gjennomføring, seier han.
* Krisepakken innebærer at det utbetales 525 millioner kroner i ekstra kompensasjon til bøndene som følge av tørken og avlingsskader i sommer.
* 300 millioner kroner av dette er friske midler, mens 225 millioner kommer fra omdisponering av egenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond.
* Krisepakken kommer i tillegg til utbetalingene for avlingsskader, som er beregnet til å bli på over 1 milliard kroner.
* Bønder i østlandsfylkene og Agder, samt enkelte kommuner i Rogaland, får en ekstrautbetaling av husdyrtilskudd og/eller arealtilskudd til grønnsaker. Hver grønnsaksbonde kan få maks 500.000 kroner.
* Den generelle erstatningssatsen for grovfôr i foretak med husdyr med økes 40 prosent i 2018.
* Maksimal utbetaling for ordningen med avlingssvikt heves for avlingsåret 2018, fra 750.000 kroner til 1.500.000 kroner per vekstgruppe.
Kilde: Landbruks- og matdepartementet