– Ei flott moglegheit for Coop å kunne tilby skilt på både nynorsk og bokmål, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng, nestleiar i Norsk Målungdom.

Nyheter

– Meir nynorsk i butikkane

Norsk Målungdom meiner Coops kjøp av Ica er ein fin moglegheit til å få meir nynorsk inn i butikkane.

Publisert Sist oppdatert

– Det er ei flott moglegheit for Coop å kunne tilby skilt på både nynorsk og bokmål, seier nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng i Norsk Målungdom i ei pressemelding - som vi gjengir på nynorsk av respekt for avsendaren.

– Vi i Noreg kan godt bli flinkare til å syne fram det flotte språkmangfaldet vårt, hevdar Stavseng.

– Det finst om lag 600 000 nynorskbrukarar. Det er viktig at vi ikkje undervurderer kor viktig det er for språkbrukarar å sjå språket sitt i bruk i offentlegheita. Difor bør kjøpmenn få tilbodet om å kunne skilte på nynorsk, dersom dei ynskjer dei, seier nestleiaren.

– Dei seinare åra har vi sett at fleire kjedar i norsk næringsliv tek i bruk meir nynorsk, til dømes Spar og MacDonalds. I desse kjedene får dei lokale eigarane sjølv velje om standardskilta skal vere trykte på nynorsk eller bokmål. At slike verksemder går føre og syner at det godt let seg gjere er veldig positivt, og vi vil gi all honnør til desse bedriftene for at dei let kjøpmennene ta språkvalet sjølv, seier Stavseng.

– Når daglegvarebutikkar i nynorskområde berre får høve til å skilte på bokmål, oppstår det ein asymmetri som ingen er tent med, korkje språket, brukarane eller butikkane. No har Coop ein glimrande sjanse til å gjere noko med det, og vi vonar dei nyttar den sjansen, avsluttar Stavseng.

Powered by Labrador CMS